Lov om stans i utbetalinger etter barnebortføring

Lov om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

§
16 paragrafer
📝
17 endringer
Praksisområder: Familierett Barnerett Trygderett
Sanksjonert/Vedtatt: 06.06.2014
I kraft: 01.01.2015
Departement: Barne- og familiedepartementet
📄 Last ned Word 📃 Last ned PDF
📈 Endringshistorikk
17 endringer, 2014-2026
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
§ 2

Kva lova gjeld

Lova gjeld for saker om bortføring av barn til utlandet.
Eit barn skal reknast for bortført dersom det til vanleg er busett i Noreg, men er teke med til, eller vert halde tilbake i, eit anna land i strid med reglane i barnelova om foreldreansvaret. Det er også eit vilkår at
  1. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet handsamar saka som ei bortføringssak etter reglane i Haag-konvensjonen frå 1980 om dei sivile sidene ved internasjonal barnebortføring eller Europarådskonvensjonen frå 1980 om godkjenning og fullbyrding av avgjerder om foreldreansvar og om gjenoppretting av foreldreansvar (heretter kalla «konvensjonane»),
  2. politiet har registrert eit barn som sakna, eller
  3. det er oppretta straffesak om barnebortføring.
Som barn skal reknast personar som ikkje har fylt 16 år.
§ 3

Definisjonar

Barnebidrag tyder i lova her barnebidrag som vert kravd inn av Innkrevjingsmyndigheita, med unntak av oppfostringsbidrag fastsett etter barnevernsloven § 15-12.
§ 4

Melding om barnebortføringar til utlandet

Dersom Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet handsamar ei sak som ei bortføringssak etter konvensjonane, skal det sende melding om dette til arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken. I andre bortføringssaker skal det lokale politidistriktet sende melding når det har registrert eit barn som sakna eller det er oppretta straffesak om barnebortføring.
Melding til Husbanken og den kommunale delen av arbeids- og velferdsforvaltninga skal ikkje gje opplysningar om anna enn at eit barn er bortført, personane saka gjeld og endringa i opphaldsstad.
Meldingar etter paragrafen her kan sendast utan hinder av teieplikt.
§ 5

Stans i ytingar som ikkje skal utbetalast i utlandet

Når eit barn er bortført, skal arbeids- og velferdsforvaltninga og Husbanken stanse ytingar som det ikkje er grunnlag for å utbetale i utlandet. Handsaming og klage følgjer dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.
§ 6

Innkrevjing av barnebidrag

Barnebidrag skal krevjast inn etter dei vanlege reglane så lenge barnet er bortført, anten det er bortføraren eller den attverande av foreldra som er bidragspliktig. Det kan ikkje krevjast endring av bidraget etter barnelova § 74 første leddet så lenge bortføringa varar.
§ 7

Avgjerd om å halde tilbake ytingar og barnebidrag til bortføraren

Når eit barn er bortført til utlandet, skal Arbeids- og velferdsdirektoratet eller eit særskilt utpeika organ i arbeids- og velferdsetaten halde tilbake offentlege ytingar og barnebidrag som vert utbetalte til bortføraren sjølv eller til bortføraren på vegne av barnet. Dette gjeld ikkje dersom tiltaket må reknast som eit uforholdsmessig inngrep ut frå den konkrete situasjonen. Ved vurderinga skal ein mellom anna leggje vekt på kva dette har å seie for at barnet kan bli ført tilbake, og på risikoen for at barnet og bortføraren vert påført skade.
§ 8

Innhenting av opplysningar i saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

Ved handsaminga av saker etter § 7 kan organet som skal treffe avgjerda, krevje opplysningar frå instansar og personar som er nemnde i folketrygdloven § 21-4 første leddet. Det er eit vilkår at opplysningane er naudsynte for avgjerda.
Ein kan til vanleg berre hente inn opplysningar om
  1. namn, adresse, fødselsdato, slektskap og sivilstatus,
  2. staden der barnet og bortføraren oppheld seg og tilhøva som dei lever under,
  3. den fysiske og psykiske helsa til barnet og bortføraren og særlege behov og utgifter knytte til helsetilstanden deira,
  4. bortføraren si inntekt og økonomi medan bortføringa varar, og
  5. tilhøva mellom foreldra og barnet.
Ein kan berre hente inn opplysningane som er nemnde i andre leddet bokstavane b, c og e dersom ein ikkje kan skaffe opplysningane på anna vis.
Organ som tek del i handsaminga av ei barnebortføringssak, skal gje opplysningar etter paragrafen her av eige tiltak.
Dei som skal gje opplysningar etter paragrafen her, skal gjere dette utan hinder av teieplikt og utan godtgjersle.
§ 9

Sakkunnig vurdering

Dersom opplysningane i saka gjev grunn til det, kan organet som skal treffe avgjerda etter § 7, be om at ein sakkunnig vurderer om det er forsvarleg å halde tilbake ytingar og barnebidrag. Den sakkunnige skal ha tilgang til dokumenta i saka og kan hente inn opplysningar etter § 8. Sakkunnige har krav på godtgjersle for arbeidet sitt og skal få dekt utlegg i samband med saka.
§ 10

Ny vurdering

Dersom nye opplysningar eller endringar i den einskilde saka talar for det, skal ein vurdere å gjere nytt vedtak etter § 7. Saka skal i alle tilfelle vurderast på nytt når det har gått to år etter bortføringa og barnet framleis ikkje er ført tilbake. Ny vurdering kan skje utan hinder av avgrensingane i forvaltningsloven § 35.
§ 11

Sperra konto

Pengar som vert haldne tilbake, skal stå på sperra renteberande konto.
Offentlege ytingar på sperra konto skal utbetalast til den som har rett til pengane eller rett til å ta imot pengane på vegner av barnet, når
  1. barnet er ført tilbake,
  2. det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake,
  3. vedtak er gjort om etter § 10, eller
  4. det bortførte barnet har fylt 16 år.
Barnebidrag for tidsrom etter at vilkåra i andre leddet bokstavane a til c er oppfylte, vert utbetalt etter dei vanlege reglane om dette. I andre tilfelle skal bidraget setjast på sperra konto, også etter at barnet har fylt 16 år. Barnebidrag på sperra konto skal utbetalast til barnet når barnet fyller 18 år.
§ 12

Ytingar og barnebidrag til den attverande av foreldra

Ytingar som den attverande av foreldra får utbetalt som representant for eit bortført barn eller på grunn av omsorga for barnet, vert utbetalte i opp til seks månader etter at barnet vart bortført, men i opp til tolv månader dersom den attverande av foreldra framleis har utgifter til omsorga for barnet eller dersom andre særlege grunnar gjer det rimeleg.
Dersom barnebidrag framleis vert kravd inn frå bortføraren etter at utbetaling er stansa etter første leddet, skal bidraget setjast på sperra renteberande konto. Reglane i § 11 tredje ledd gjeld tilsvarande.
Utbetalinga av ytingar etter første leddet og innkrevjing av barnebidrag frå bortføraren skal stansast så snart det er avgjort rettsleg eller avtalt mellom partane at barnet ikkje skal tilbake.
Handsaming og klage ved avgjerder om ytingar til den attverande av foreldra etter paragrafen her, følgjer dei vanlege reglane for dei einskilde ytingane.
§ 13

Saker der barnevernet har omsorga for barnet

Lova gjeld også for saker der ein av foreldra eller begge bortfører til utlandet barn som barnevernet har teke over omsorga for. Barnevernet skal varslast og få høve til å uttale seg etter reglane i forvaltningsloven § 16. Reglane i § 12 i lova her gjeld tilsvarande.
Dersom foreldra er saman om bortføringa, kan tiltak etter lova nyttast mot begge.
§ 14

Handsaming av saker om å halde tilbake ytingar og barnebidrag

Ved handsaminga av saker etter §§ 7 til 11 gjeld reglane i forvaltningsloven, med desse særreglane og presiseringane:
  1. både bortføraren og den attverande av foreldra skal reknast som part i saka ved avgjerder etter § 7,
  2. avgjerd om ikkje å halde tilbake ytingar og barnebidrag skal reknast for enkeltvedtak,
  3. avgjerder etter § 7 kan ikkje påklagast, men kan ankast inn for Trygderetten etter reglane i lov 16. desember 1966 nr. 9 om anke til Trygderetten.
§ 15

Forskrifter

Departementet kan gje forskrifter til utfylling og gjennomføring av lova, mellom anna til
  1. § 4 om meldingar når barn er bortført,
  2. § 7 om å halde tilbake ytingar og barnebidrag,
  3. § 9 om oppnemning av og betaling til sakkunnige,
  4. § 11 om sperra konto, og
  5. § 12 om ytingar og bidrag til den attverande av foreldra.
§ 16

Ikraftsetjing og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.1
Lova gjeld også der barnet vart bortført før lova tok til å gjelde.
Ytingar eller barnebidrag for tidsrom før lova tok til å gjelde, kan ikkje haldast tilbake med heimel i lova.
2026
I kraft: 01. January 2026

Delt ikraftsetting av lov 25. april 2025 nr. 12 om innkreving av statlige krav mv. (innkrevingsloven)

Kunngjøring: forskrift/2025-06-10-967
2025
I kraft: 20. June 2025

Ikraftsetjing av lov av 12. desember 2003 nr. 115 om statleg varekrigsforsikring.

Kunngjøring: forskrift/2003-12-12-1507
I kraft: 10. June 2025

Delt ikraftsetting av lov 25. april 2025 nr. 12 om innkreving av statlige krav mv. (innkrevingsloven)

Kunngjøring: forskrift/2025-06-10-967
I kraft: 25. April 2025

Forskrift om endring i forskrifter, etter brann- og eksplosjonsvernloven, som følge av opprettelsen av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap.

Kunngjøring: forskrift/2003-11-06-1317
2024
I kraft: 01. January 2024

Delt ikraftsetting av lov 16. juni 2023 nr. 41 om endringer i barnevernsloven m.m. (formidling av opplysninger, meldinger om ufødte barn, politiattest)

Kunngjøring: forskrift/2023-06-16-928
2023
I kraft: 16. June 2023

Kunngjøring om stadfestelse av tekniske regler etter EØS-høringsloven

Kunngjøring: forskrift/2015-08-26-993
I kraft: 01. January 2023

Delt ikraftsetting av lov 18. juni 2021 nr. 97 om barnevern (barnevernsloven)

Kunngjøring: forskrift/2022-10-14-1739
2022
I kraft: 14. October 2022

Forskrift om forbud mot fisket etter lodde i Barentshavet i 2016

Kunngjøring: forskrift/2015-12-16-1614
2019
I kraft: 01. January 2019

Lov om endringer i folketrygdloven, sosialtjenesteloven og enkelte andre lover

Kunngjøring: lov/2018-12-20-98
2018
I kraft: 01. April 2018

Delt ikraftsetting av lov 19. desember 2017 nr. 122 om endringer i bidragsinnkrevingsloven m.m. (overføring av innkrevingsoppgaver fra Arbeids- og velferdsetaten til Skatteetaten)

Kunngjøring: forskrift/2018-02-16-220
I kraft: 16. February 2018

Forskrift om endring i forskrift om aktivitetshjelpemidler til personer over 26 år og forskrift om stønad til dekning av utgifter til ortopediske hjelpemidler, brystprotese, ansiktsdefektprotese, øyeprotese og parykk

Kunngjøring: forskrift/2023-12-30-2343
2017
I kraft: 19. December 2017

Forskrift om endring i forskrift om økonomisk og teknisk rapportering, inntektsramme for nettvirksomheten og tariffer

Kunngjøring: forskrift/2018-10-12-1597
I kraft: 19. December 2017

Lov om endringer i bidragsinnkrevingsloven m.m. (overføring av innkrevingsoppgaver fra Arbeids- og velferdsetaten til Skatteetaten)

Kunngjøring: lov/2017-12-19-122
2015
I kraft: 01. January 2015

Ikrafttredelse av lov 6. juni 2014 nr. 19 om stans i utbetalinga av offentlege ytingar og barnebidrag når ein av foreldra har bortført eit barn til utlandet

Kunngjøring: forskrift/2014-12-19-1784
2014
I kraft: 29. December 2014

Lov om endringar i helse- og omsorgstjenesteloven (overføring av ansvaret for helsetilbodet ved utlendingsinternat)

Kunngjøring: lov/2024-05-03-20
-0001
I kraft: 30. November -0001

Lov om innkreving av statlige krav mv. (innkrevingsloven)

Kunngjøring: lov/2025-04-25-12
I kraft: 30. November -0001

Lov om barn og foreldre (barnelova)

Kunngjøring: lov/2025-06-20-40